LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR: Åshild Moldskred

Etter lange dagar på stranda og i sola, er det lite som er betre enn å trekkja seg tilbake og lesa ei fin, spennande eller kjekk bok.

LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR

I løpet av sommaren kjem Framtida Junior til å publisera lesetips frå fleire kjende barnebok-forfattarar i Noreg.

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior har spurt barnebok-forfattarar i Noreg om deira beste lesetips i sommar.

I dag er det Åshild Moldskred som gir sine tips. 

Moldskred kjem frå Haddal i Ulstein kommune og bur i Trondheim. Her studerer ho ergoterapi ved NTNU.

Ho har skrive tre bøker for barn og ungdom, der den siste av desse kom ut no i vinter. I Berre Hopp! skriv ho om mobbing, utanforskap og det å leva med eit handikap – nettopp slik som ho sjølv gjer.

Her kan du lesa bokmelding.

Foto: Samlaget

Floke – Ida Eva Neverdahl

Floke er ein teikneserieroman med ein fantasifull vri på norrøn mytologi, herleg humor og mykje action.

Floke Skrufsson er ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Han likar ikkje vald og slåsting og vil aller helst berre sitja i graset og laga musikk. Ein dag reddar han ein gammal krok som sit fast i eit tre med nasen sin. Som takk får han eit heilt spesielt sverd.

Det er berre ei hake ved dette: Den som har sverdet, må redda verda frå undergangen, sjølvaste Ragnarok!

 

Foto: Solum Bokvennen

Spøkelsenes by – Victoria Schwab

Spøkelsenes by er ein orginal og kul spøkelseshistorie frå mystiske Edinburgh. Eg gler meg til oppfølgjar.

Heilt sidan Cassidy Blake nesten drukna (ho drukna faktisk, men det likar ho ikkje å prata om), har ho kunna sjå gjennom Sløret som skil spøkelsa si verd frå vår.

Kvardagen til Cass er slik sett litt unormal. Den beste venen hennar, Jacob, er faktisk eit spøkelse.

 

Foto: Gyldendal

Vindeltorn – Tone Almhjell

Vindeltorn er ein nydeleg og spennande fantasy. Eg kjem mest truleg til å lesa denne for tredje gong.

Noko er gale i det gamle huset familien til Lin har leigd, det er ho sikker på. Klokkene tikkar for sakte. Rosebedet er dekt av rim, sjølv i øsande regnvêr.

Og når ein mystisk nøkkel merka «Vindeltorn» dukkar opp, finn Lin ein sprekk i kjellarveggen.

Har du eit lesetips til andre barn og unge? Del det i kommentarfeltet!