Åshild skriv om ei jenta som har det same handikapet som ho

For nesten 13 år sidan fekk forfattar Åshild Moldskred høyreapparat – akkurat slik som hovudpersonen i boka «Berre hopp!».

Åshild Moldskred fortel at ho merkar at det er lenge sidan sist ho gav ut bok. – Det er veldig spennande om den blir likt. Foto: Samlaget

– Det var veldig kjipt å få høyreapparat. Ein vil jo ikkje ha eit handikap, seier forfattar Åshild Moldskred.

Ho har gitt ut «Berre Hopp!» – ei bok om mobbing, sjølvtillit, utanforskap og det å leva med eit handikap.

I boka får me møta Ingeborg, som er van med å ha Pernille der heile tida. Pernille passar på Ingeborg då andre born ertar ho for høyreapparata. Men no er Ingeborg og Pernille blitt uvenner, og Ingeborg blir mint på korleis det er å vera litt annleis enn alle andre.

Forfattaren fortel at ho brukte mykje tid på å forsøka å skjula høyreapparatet då ho fekk det.

Vil normalisere problem med høyrselen

– Eg brukte alltid lue eller hadde håret ned. Det var veldig slitsamt, og etter kvart noko eg ikkje orka å forhalda meg til.

Moldskred fortel at det var viktig for ho at Ingeborg ikkje skulle vera eit offer. Derfor er ho også tøff og sterk.

– Mykje av det Ingeborg gjer, har eg også gjort. Eg har prøvd å pressa på for å bli tøffare, blant anna ved å gjera ting som mellom anna å stå på snowboard og skateboard.

–– Eg synest det er viktig å gi litt f, ha litt humor og å normalisera handikap.

– Sjølvtillit er vanskeleg

Ho fortel at det var viktig å skriva om ei jenta som ho sjølv kan kjenna seg att i.

– Eg synest det er viktig å gi litt f, ha litt humor og å normalisera handikap.

Boka handar først og fremst om vekst og sjølvtillit, og kvifor det er så komplisert.

– Sjølvtillit er vanskeleg. Eg trur det er noko dei fleste kan kjenna seg att i.