Det finst mange typar vitsar.
Nokre av dei er ordspel, som til dømes:
Kva for dyr er det høflegaste? – Bukken
Kan eg få hund til jul, pappa? – Nei, i år blir det ribbe som vanleg!
Andre vitsar følgjer enkle reglar og formelar, slik som til dømes «alle barna»-vitsane:
– Alle barna sat i båten – unntatt Kåre, han var åre.
Eller «betre enn»-vitsar:
– Det er betre å ha elg i skogen, enn å ha hjort i buksa.
Eller «kvifor»-vitsar:
– Kvifor kan ikkje du le, når Geilo?
Eller «har du høyrt»-vitsar:
– Har du høyrt om sauen som datt ned og blei lam?
Vitsegåter er òg ein type vitsar, som for eksempel:
– Kva er forskjellen på ein elefant? – Den kan verken sykla.
– Veit du kvifor svenskane ikkje går ut når det er regn? – Dei er redde for dråpesmitte.
Har du ein favorittvits eller ein vits du har funne på sjølv? Skriv den i kommentarfeltet nedanfor, og ver med i trekkinga av ei fin Framtida Junior-t-skjorte!
Unge(5år): Mamma, Hva er en alkoholiker?
Mamma: Ser du de 2 fuglene på den strømledningen der? For en alkoholiker ville det sett ut som at det var 4 fugler der fordi en alkoholiker ser dobbelt.
Unge(5år): Mamma? Det er bare en fugl der oppe:I
Den eine sauen til den andre: Trur du på livet etter jula?