Le deg skakk!

Vi har samla ein rekke vitsar som vi har hatt på trykk i avisa vår.

Læraren såg ut i klasserommet. Elevane hadde hatt i lekse å lese om Israel.

– Perline, kva veit du om Daudehavet?

– Eg visste ikkje at det var sjukt ein gong!

 

Kva er ynglingsfilmen til kannibalar?

Rasmus på loffen.

 

Det ringer på døra, og veslebror går og opner. Like etter kjem veslebror inn på kjøkkenet til mamma.

– Det er ein som samlar inn til det nye symjebassenget.

– Så, gi han eit glas vatn.

 

Læraren: – Kan du fortelje kva nytte vi har av vatnet, Even?

Even: – Ja, hadde vi ikkje hatt vatn, så kunne vi ikkje lære å symje, og då kunne vi drukna.

 

– Sonen min er så ekstremt smart. Han kan lese namnet sitt bakvendt. Og han er berre fire år.

– WOW! Det er godt gjort. Kva heiter han?

– Otto.

 

To brør krangla støtt, og ein dag vart faren irritert. – No lyt de slutte å vere usamde om allting!

– Vi er ikkje usamde, sa den eine guten. – Han vil ha det eplet, og det vil eg også ha!

 

Pål trilla veslebror sin, som grein fælt. Ein eldre mann stoppa han: – Det var då svært som han skrik?

Pål: – Om du ikkje hadde hatt hår, ikkje tenner, ikkje kunne snakke og ikkje kunne gå, så tenkjer eg du hadde skrike, du også.

Det var foreldremøte, og læreren kika strengt på Sverre og foreldra.

Sverre har kalt meg ein tosk. Vil du seie unnskyld?

Ja, eg vil seie unnskyld for at du er ein tosk!

 

Knut: – Kvifor må me læra oss engelsk?

Læraren: – Men Knut, då! Nesten halve verda snakkar jo engelsk.

Knut: – Men er ikkje det nok, då?

 

Ein elev ringer til skulen ein morgon:

– Eg trur trur det er best sonen min blir heime idag. Han er ikkje frisk.

– Jaha, kven er det som ringer?

– Det er faren min….

 

Pasienten: – Doktor, doktor! Eg trur eg er julenissen!

Legen: – OK, men kan eg få julegåva mi?

 

Den eine grisen til den andre: Trur du på liv etter julaftan?

 

– Takk for gåva eg fekk til jul.

– Å, det var då ingenting å takke for.

– Nei, det synast ikkje mamma heller.

 

Jula er avlyst i år.

Kvifor det?

Hugsar du ikkje at du fortalde julenissen at du hadde vore snill i år?

Ja, kva så?

Julenissen døde av latter.

 

– Er hunden din av rein rase?

– JA!

– Merkeleg, eg synest han er nokså skiten, eg…

 

Læraren: Om bror din har seks epler, og du tek fire av dei, kva blir det då?

Ole: Bråk!

 

– Kan du telefonnummeret til Sander?

– Nei, men eg kan ringe å spørje!