Frigjeringsdagen 8. mai

8. mai 1945 kapitulerte tyskarane etter at dei i fem år hadde tatt over Noreg. 

8. mai 1945 vart Noreg endeleg eit fritt land igjen, etter fem år med tysk leiing av landet vårt. Noreg var i krig med Tyskland i fem år, frå 1940–1945.

Å kapitulera betyr å gje seg. At Hitlers nazi-Tyskland kapitulerte betyr derfor at Hitler forstod at dei ikkje kunne vinna krigen.

Han gav derfor opp kampen om å laga eit tredje rike. Det tredje riket er eit omgrep som vi brukar om nazi-Tyskland under krigsåra. Adolf Hitler ville samla landa under eitt rike, der han styrte.

Denne dagen markerer vi også veteranane. Ein veteran er ein person som har delteke eller deltek i kampen mot krig på vegner av Noreg.