8. mai er ein viktig flaggdag

I dag er det flaggdag. Vi markerer frigjeringsdagen. Dagen då vi endeleg vart eit fritt land etter fem år med krig.

8. mai 1945 var Noreg endeleg eit fritt land igjen. Då hadde vi vore under tysk leiing i fem år.

I år er det 74 år sidan, men likevel er 8. mai ein viktig dag å hugse på.

Veterandagen

8. mai markerer vi veteranane også. Ein veteran er ein person som har delteke eller deltek i kampen mot krig på vegne av Noreg.

Frigjeringsdagen 8 mai 1945 i Trondheim ( Foto: Municipal Archives of Trondheim/ Flickr/ CC BY 2.0)