Desse elevane har eigen kokk og får varm lunsj kvar dag

Kokken Erik Lindstrøm lagar alt frå spikarsuppe til tacopudding til borna som går på SFO hjå Selnes skole i Trømsø. Elevane trur det hjelper på både arbeidsinnsatsen og energien.

Ulikt ansvar: 1.–4. klasse lagar fiskepinnane, medan 5.–7. klasse har ansvar for steiking.

– Det er kjedeleg med brødskiver til lunsj. Eg trur at varm lunsj aukar arbeidsinnsatsen og energien vår, seier Edvart, som er 11 år og går Selnes skole i Tromsø.

Vilja (11) og Sivert (10) nikkar enig.

Noreg er blant dei få landa i verda det er sjeldan med varm lunsj på skulen. Berre seks prosent av dei norske barneskulane har varm lunsj, ifølgje ei undersøking Framtida Junior der 242 elevrådsleiarar har svart.

Les også: Over halvparten vil ha gratis varm lunsj på skulen

– Det er ikkje sjølvsagt å eta seg mett

Erik seier at han kjøper nokre av ingrediensane til den varme lunsjen, som mellom anna fersk fisk, men at mesteparten av maten blir redda. På den måten greier han å servera varm mat til SFO 4–5 gonger i veka, for berre kr. 3,50 per elev til kvart måltid.

– Eg lagar menyen etter kva eg får tak i, og målet er at me skal vera den skulen som er flinkast til å ikkje kasta mat. Det er viktig at ungane skal eta opp, då me må visa respekt for dei som ikkje har det så bra som oss. Det er ikkje sjølvsagt å eta seg mett kvar dag.

Tilbod til SFO: Den varme maten er først og fremst til elevane på SFO hjå Selnes skole. Mellomtrinnet får smaksprøvar og varm lunsj om dei har gløymt matpakken sin.
Kort veg til kokken: Om elevane er svoltne, kan dei stikka forbi vindauga til kokken Erik for å få noko å tygga på. – Om me vil ha litt frukt, kan me alltid reisa til Erik. Det er veldig fint, seier elevane.

– Får smaka så mykje me vil

– Det er ganske mange som vil bli kokkar her. Å ha matlukta nær, å få smaka og lukta er viktig, seier Erik som lagar alt frå fiskesuppe, lapskaus og fiskepinnar til elevane på SFO. Fiskepinnane er blitt ein stor favoritt hjå alle elevane på skulen.

– Når me lagar fiskepinnar får me smaka så mykje me vil, seier Vilja, Sivert og Edvart.

Selnes skole sine fiskepinnar + tilbehør

Vart du svolten på fiskepinnar no? Her er oppskrifta til kokken Erik på Selnes skole.

Fiskepinnar:

Du treng:
500 g seifilet eller anna god fisk
2 egg
100 g griljermjøl
200 g hakka corn flakes
50 g sesamfrø
Rapsolje
Litt salt

Slik gjer du:
Kutt fisken i stavar og salt den. Vend den i mjøl og deretter i egg.
Legg så fisken i blandingen med corn flakes, sesamfrø og griljermjøl + litt salt.
Steik pinnane i rapsolje og legg fisken på avispapir så den tørkar. 

Kvitløksrømme:

Du treng:
1 boks lettrømme
2–3 fedd kvitlauk
1 ts salt
1 ss sukker
Pepar eller 1 ss sweet chili-saus
Bruk gjerne urter som mellom anna basilikum eller raspa skal av lime eller sitron.

Yoghurtaioli:

Du treng:
2 dl gresk yoghurt (laktosefri)
0.5 dl mild olivenolje (Extra virgin med låg syre, ellers blir sausen skarp)
3 fedd raspa kvitlauk
Raspa skal frå ein halv lime
1/2 pressa lime
1 ss honning
1 ts salt
1 ss sweet chili-saus
1 ts fersk basilikum paste eller 4 finhakka toppar av ei plante