Har du god nok tid til å eta skulematen?

Barn et meir frukt og grønsaker når spisepausen er lang.

Éin ting er mange forskarar samde om: Frukt og grønsaker er sunt!

Helsemyndane i Noreg anbefaler at både vaksne og barn får i seg minst fem porsjonar frukt og grønt kvar dag. Men alle gjer ikkje det, ifølgje Ung.Forskning.no.

Ei undersøking frå 2015 viste at barn og unge i Noreg et ganske sunt, men dei får i seg mindre frukt og grønsaker enn oppmodingane seier. No trur amerikanske forskarar dei veit ein måte å få barn til å eta litt meir av det sunne: Ha lang nok pause når ungane et på skulen!

Forska på leirdeltakarar

Forskar Xanna Burg og samarbeidspartnarane hennar gjorde eit forsøk med 38 elevar på rundt 12 år. Elevane var på ein sommarleir i staten Illinois i USA. Kvar dag åt dei lunsj saman.

Elevane fekk utdelt brett med ein hovudrett, til dømes ein sandwich med kylling eller pasta med kjøttbollar. På brettet låg òg grønsaker og frukt. Nokre dagar fekk elevane berre 10 minutt på å eta. Men andre dagar fekk dei sitja dobbelt så lenge. Etter måltidet tok forskarane bilde av kvart brett, slik at dei kunne vurdera kor mykje mat som var ete.

Forskarane sørgde òg for at dei same rettane vart serverte med både kort og lang tid. Slik kunne dei vera sikre på at elevane ikkje berre åt mykje fordi dei likte maten denne dagen.

Åt meir frukt og grønt

Resultata viste at elevane åt like mykje av hovudretten, uansett kor mykje tid dei hadde. Dei drakk òg like mykje. Men då barna hadde god tid i matpausen, åt dei meir grønsaker og frukt.

Dei amerikanske myndane anbefaler at elevar skal få minst 20 minutt til å eta. Og den nye studien viser nettopp at dette er lurt, skriv forskarane.

Kan vera det same i Noreg

Grunnen til at norske barn et for lite frukt og grønsaker kan vera ein annan enn årsaka til at amerikanske barn et for lite. Men det at elevar treng god tid til å eta, gjeld her òg, skriv Ung.Forskning.no.

Myndane i Noreg anbefaler at elevar i skulen skal ha minst 20 minutt til å eta. Denne tida skal berre brukast til å eta mat, og ikkje til dømes til å vaska hender eller henta matpakken.

Har du god nok tid til å eta på skulen?

Har du god nok tid til å eta på skulen?

Ja38
Nei33
Svar totalt: 71