Over halvparten vil ha gratis varm lunsj på skulen

I ei undersøking Framtida Junior har sendt ut til elevrådsleiarane på alle barneskulane i Noreg, kjem det fram at 51 prosent meiner at gratis varm skulemat bør innførast på alle skular.

Undersøking om varm skulemat: Dette er resultata i undersøkinga om kva elevråda tenkjer om skulemat.

Elevrådet på Tjødnalio skule i Stord, meiner det er på høg tid at dei slepper å smøra nistepakke før dei reiser på skulen om morgonen.

– Varm lunsj er næringsrik, og det kan føra til betre helse og meir energi. Og så kan det kanskje gi elevane betre konsentrasjon også.

Det seier Liam Skålevik (12) og Blanka Mazik (12), som er elevrådsleiar og nestleiar i elevrådet på Tjødnalio skule på Stord. Liam fortel at ikkje alle på skulen har like mykje og like god mat med seg på skulen. Det ville det blitt endringar på, dersom dei fekk servert varm mat kvar dag.

– Om me hadde fått varm mat på skulen, ville det blitt likt for alle. Me vil at alle skal ha god og næringsrik nista på skulen. Me synest ikkje brødskiver er godt nok, seier dei.

Kan kosta fleire milliardar

Arbeidarpartiet, SV, MDG og Raudt går inn for gratis skulemat, og tidlegare har Arbeidarpartiet rekna at det vil kosta kring tre milliardar kroner i året. Venstre gjekk for fire år sidan til val på forsøk med skulemat. Regjeringspartia og FrP har likevel sagt nei til å gi alle kommunar støtte til å innføra gratis skulemat på alle skular.

Liam og Blanka trur at det kan vera fleire grunnar til at varm lunsj enno ikkje er på alle skulane i Noreg.

– Det kan vera at skulane ikkje har pengar til det. Det kan også vera at det er vanskeleg å få fatt i folk som kan servera den varme lunsjen.

Dei meiner også at kort skuledag kan ha noko å seia for at dei framleis må ha med seg lunsjen heimefrå.

– Me har av og til berre skule frå 08.30–14.00, så kanskje skulane tenkjer at det ikkje er behov.

Les også: Desse elevane har eigen kokk og får varm lunsj kvar dag