Statsminister Yoshihide Suga opplyste at unntakstilstanden gjeld for Tokyo og tre andre område: Osaka, Kyoto og Hyogo. Unntakstilstand er ein rettsleg tilstand der alminnelege lovar mellombels er sett ut av kraft.
Håpet er å stoppe oppsvingen i smittetilfelle. Unntakstilstanden skal i første omgang vara frå 25. april til 11. mai, skriv Dagbladet.
Det er tredje gong sidan pandemien starta, at Japan går til det drastiske grepet å erklæra unntakstilstand. Den førre perioden vart avslutta for berre ein månad sidan.