Kvifor elskar me styggsøte dyr?

Me har alle sett dei: Hundar med krokete tenner og pjuskete hår. Store auge som stikk ut, eller kattar som ikkje har pels. Kvifor er det likevel sånn at me synest dei er litt søte og kan få lyst til å halda dei?

I 1943 gav zoologist Konrad Lorenz ut ei bok der han skildrar korleis menneske blir påverka av babyar sin utsjånad: Store auge, stort hovud og mjuke kroppar gjer at me får lyst til å beskytta dei, og sørga for at dei har alt dei treng.

Foto: Daniel Thomas på Unsplash

Allereie frå me er tre år føretrekk me menneske og dyr med store auge, korte naser og store ansikt. Det har forskar Marta Borgi funne ut i studiane sine.

– Søtheit i dyr sine ansikt er noko me er tiltrekt av veldig tidleg, fortel ho til BBC i eit intervju. 

Veterinærar åtvarar

Bilder av slike styggsøte dyr er innimellom ein trend på sosiale medier, spesielt hundar av rasen mops eller bulldogg. Dette aukar nok ønsket blant folk om å få seg ein slik styggsøt hund.

Mops er ein av rasane vetrinærar ønsker færre skal skaffa seg. Kanskje me kan nøya oss med å sjå på det søte bildet? Foto: Rebecca Campbell på Unsplash

 

Det dumme er at desse rasane diverre ofte har store helseplagar, som pustevanskar, augesjukdomar og hudinfeksjonar, nettopp på grunn av dei styggsøte ansikta sine.

Veterinærar frarådar derfor folk å skaffa seg hund av desse rasane. Heldigvis finst det veldig mange andre søte rasar å velja i.

Les også: Oppmodar familiar til å snakke om dyrevelferd

Sphynx blir også kalla nakenkatt på grunn av at den ikkje har pels. Foto: Irakli Kvaratskhelia på Unsplash