Lite OL-støtte i Japan

Eit fleirtal i Japans befolkning ønskjer at Tokyo-OL blir flytta eller avlyst grunna frykt for ei ny bølgje med koronasmitte.

Ei meiningsmåling utført av nyheitsbyrået Kyodo viser at 72 prosent av dei spurde svarer at OL ikkje bør gå som planlagt i 2021, skriv NRK.

Sommar-OL er dei 32. olympiske sommarleikane, og skulle etter planen haldast i Tokyo frå 24. juli til 9. august 2020. På grunn av koronapandemien vart leikane utsett til 2021.