Denne helga reiser millionar av menneske i Asia heim til familiane sine. Det er nemleg tid for den årlege midthaustfesten. Med seg i bagasjen har dei gjerne ei eske med månekaker som dei skal gi i gåve. Men kvifor et dei desse runde kakene no?
Månekaka symboliserer fullmånen
I gåveeska i bagasjen ligg det fleire sirkelforma kaker. Månekakene har, som namnet seier, same form som fullmånen. Ein tynn, søt deig skjuler ulike fyll. Det vanlegaste fyllet er raude bønner, eller lotusfrø og ei månerund eggeplomme.
Deigen er trykt i flotte mønster. Mønstera kan til dømes vise blomar eller fuglar.
Når månekaka skal nytast, blir ho kutta opp i fleire bitar og delt med andre. Det er vanleg å drikke ein kopp te til.
I Kina har dei ete månekaker sidan Song-dynastiet, som varte frå år 960 til 1279, skriv South China Morning Post. Også i vår tid er det ingen midthaustfest utan månekake.

Midthaustfest+månekake=sant
Datoen for ei av dei viktigaste feiringane i Kina varierer frå år til år. Det er fordi tidspunktet til midthaustfesten blir rekna ut frå ein kalender som deler året opp etter dei ulike månefasane. I år er midthaustaftan 25. september.
Tradisjonelt var dette tida for innhausting. I tillegg til i Kina, er det også fest i Vietnam, Singapore, Malaysia, Japan, Taiwan, Hongkong, Nord-Korea og Sør-Korea denne helga. Det feiringane har til felles, er at familiar samlar seg og et god mat.

Ein lang tradisjon og ei legende
Midthaustfesten har blitt feira i over 2000 år, skriv BBC. Det finst fleire historier om kvifor månekaka blei ein del av tradisjonen. Ei legende fortel at månekaka hjelpte kinesarane med å frigjere seg frå Mongolriket.
Mongolane erobra Kina i 1279. Ein av dei som kjempa for at Kina skulle bli fri frå Mongolriket, var Zhu Yuanzhang. Han leia eit kinesisk opprør der månekaka ifølge legenda hadde ei viktig rolle.
Zhu Yuanzhang og rådgivaren hans kom på ideen om å gøyme små lappar inni månekakene, skriv South China Morning Post. Lappane beskreiv planar om å gjere opprør mot mongolane. Kakene, og planane, blei spreidde, og kinesarane vann landet sitt tilbake.
Kor sann legenda er, kan diskuterast. Sikkert er det at Zhu Yuanzhang blei keisar av Kina i 1368.

Ein dekorativ protest mot styresmaktene
Det er ikkje berre innhaldet til månekaka som kan vere revolusjonerande. Også utsida av baksten kan oppmuntre til å stå imot dei med makt.
Hongkong er eit sjølvstendig område i Kina. Dei skal få bestemme mykje av politikken sin, sjølv om dei er ein del av Kina.
I 2019 og 2020 protesterte mange i Hongkong mot Kina fordi regjeringa innførte nye lover. Ein måte folket i Hongkong protesterte, var ved å dekorere månekakene med tekst mot den kinesiske regjeringa.
Ein tekst var «Inga tilbaketrekking, inga spreiing», og ein annan tekst var «Hongkong-folk», ifølge nyheitsbyrået AP. Slik skulle desserten inspirere folk i Hongkong til å stå saman mot den kinesiske regjeringa.

Ei kake tilpassa tidene
Dei første midthaustfestane for 2000 år sidan var feira av bønder etter innhaustinga. I dag er det færre som er bønder, men familiar samlar seg framleis, og ein viktig del av feiringa er å utveksle esker med månekaker.
Ulike bakeri konkurrerer i å tilby dei flottaste gåveeskene, dei vakraste mønstera og det mest freistande fyllet. Om du set tennene i ei månekake i dag, smakar det ikkje berre lotusfrø eller raude bønner. Ei månekake kan innehalde alt frå iskrem, haifinne og salt kjøt.
Feiringa av månen har endra seg, mønsteret på kaka har endra seg og fyllet har endra seg. Men kanskje ein av grunnane til at millionar av menneske framleis et månekaker, er at ho er ei kake som tilpassar seg tidene.























