No er pingvinane endeleg ute av karantene

No har alle bøylepingvinane på Akvariet i Bergen fått den andre dosen med vaksine mot fugleinfluensa.

I forrige veke kunne teltet fjernast og pingvinane slapp endeleg ut av karantenen.

Heilt sidan 9. desember i fjor, har bøylepingivnane budd i eit stort telt som er sett opp over pingvindammen på Akvariet.

Der har dei 29 pingvinane hatt portforbud for å unngå å bli smitta av eit pågåande utbrot av fugleinfluensa, som ikkje før er påvist i Noreg.

Les også: Pingvinane på Akvariet skal vaksinerast

Første gong under open himmel

For nokre av pingvinane, var det ekstra spennande å endeleg få koma ut av teltet, skriv Akvariet på Facebook.

Her kan du sjå to av forårets kyllingar, søstrene Hermine og Hedvig, oppleva snø for aller første gong. Dei lurte nok på kva dei rare, kvite flaka som kom ned frå himmelen var for noko.