Lag ein teikneserie og vinn fine premiar!

Dei beste teikneseriane blir publiserte i Framtida junior. Vi plukkar òg ut fleire bidrag som får bokpakke frå Foreningen !les og t-skjorte og abonnement på papiravisa Framtida junior i to månader.

Krav:

• Teikneserien må vera maks ei A4-side (cirka 3–6 ruter)
• Skriv tydeleg viss teikneserien har snakkebobler
• Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar

Frist: 15. mars 2021

Send teikninga som bilete til: framtidajunior@gmail.com og ole@foreningenles.no

Skriv «Teikneserie» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på.

Her får du tips til å laga teikneseriar frå Dunce-sjefen!

Og på Nynorsksenteret sine nettsider kan du læra å laga teikneseriar av fleire kjende teikneserieskaparar!

Konkurransen er eit samarbeid mellom Foreningen !les og Framtida Junior. På Tidforti.no kan du lesa utdrag frå teikneserieboka Floke av Ida Neverdahl og lesa utdrag frå fleire andre kjekke bøker.