Dunce-sjefen gir gode stripetips

Jens K. Styve kjem med råd til alle som laga teikneseriar: – Lag heller mange dårlege seriar som blir betre og betre, enn å planlegga noko du ikkje får ferdig!

Andre tips til å laga teikneseriar
  • Det viktigaste er kva teikneserien skal handle om. Kanskje du kan ta utgangspunkt i ein vits med ein uventa slutt?
  • Hovudpersonen bør vere ein figur du klarer å teikne mange gongar.
  • Skriv tydeleg, slik at du er sikker på at andre klarer å lese teksten. Det kan vere lurt å lage ein kladd eller skisse fyrst.
  • Teikneserien kan vere svart-kvit, men det er også fint med fargar.
  • Tenk på Øystein Runde sine tips om nærbilete, totalbilete, perspektiv og ulike teksttypar.
  • Viss du teiknar for hand, må du scanne eller ta bilde av teikneserien før du sender.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Kva er det viktigaste å tenkja på når barn og unge skal laga teikneseriar?

– Problemet er ofte at ein stoppar seg sjølv og blir sjølvkritisk. Det prøver eg å «hoppe over» i mine kurs. Dei fleste har aldri laga ein teikneserie før, etter vårt kurs så har dei laga ein heil bunke.

– Byrjar du med historia eller teikningane først?

– På kurs så gjev eg elevane eit par stikkord, serien må innehalde til dømes «ei kråke og ein nøkkel». Så får dei 20 minuttar på å lage ein 8-siders serie. Det oppstår lett panikk, men 20 minutt etter har vi ein bunke historiar vi kan lese og diskutere. Til dagleg jobbar eg derimot med manus først.

– Likar du best å teikna for hand eller på pc?

– Alle stripene mine er skissa først for hand, med blyant i ei skissebok. Eg syns det er lettare å bli inspirert når eg sit med papir enn når eg sit framfor ein skjerm. Papiret har heller ikkje så mange distraksjonar som eit nettbrett. No for tida gjer eg reinteikninga på ein iPad Pro (med Apple Pencil). Det er eit supert verktøy som sparar meg for mykje tid samanlikna med «gamlemåten».

Deltakarane på kurset fekk i oppgåve å laga ei åtte siders teikneserie på tidspress. Foto: Aurora Grøttveit

– Lagar du andre teikneseriar enn Dunce?

– Ja, no for tida jobbar eg med ein fantasyserie som heiter SideQuest saman med tre andre. Det er eit veldig artig prosjekt for unge lesarar som eg håpar skal vere tilgjengeleg til våren 2020.

– Kva teikneserie-figur likar du best utanom dine eigne?

– Eg les mykje teikneseriar, det er liksom blitt mitt «fag» no. Eg likar både europeiske, amerikanske og asiatiske seriar. Også norske. For unge lesarar så vil eg anbefale Adventure Time! TV-serien er gøy, men teikneseriane er og strålande. Elevane mine pleier ofte å lære meg om mangaseriar, eg kan godt like t.d. Dragonball, My Hero Academia og The Promised Neverland.

– Kva teikneserie likte du best då du var 12 år?

– På den tida så elska eg Asterix og Viggo. Det gjer eg forresten framleis.

Dunce kan du sjå i kvar papirutgåve av Framtida Junior.