–  Vi må snakke om mensen!

Silje Sirnes Winje (39) vil at alle skal snakke meir om mensen. Både jenter og gutar, barn og vaksne. – Mensen er heilt naturleg! Det er verken flaut eller teit å snakke om, seier ho.

Du har garantert sett Silje stråle gjennom TV-skjermen på NRK Super, eller kanskje dansande eller syngande på TikTok? No leiar ho barne- og familiekanalen Nordic Family saman med Stian Barsnes Simonsen på YouTube.

– Idéen til denne boka kom etter at ei jente fortalte meg at ho fekk mensen allereie som niåring. Då slo det meg at nokon burde skrive ei kul mensen-bok, fortel Silje.

Mykje skam

– Eg opplever diverre at det framleis er mykje skam knytt til mensen. Difor må vi bli flinkare til å snakke om det, seier Silje.

Ho spurde tolv kjente damer, som ho visste at mange jenter ser opp til, om å dele deira oppleving av det å få mensen for aller fyrste gong. No håpar ho at deira historiar vil inspirere til meir prat om mensen.

I boka er det kalender, DIY-tips, hacks og historiar. Håpet er at den kan bidra til at born og unge kan lære om mensen, sjølv om dei kanskje ikkje vil snakke med nokon om det. 

Blodig og gørrete

– Vi skal ha respekt for dei som synest det er flaut å vanskeleg å snakke om, men eg håpar at det skal bli lettare. Vi må alle samarbeide for å fjerne tabu, seier Silje. 

Kvifor er mensen eit tabu for mange?

– Det er nok så enkelt som at det er blod som kjem ut av tissen. Det er ein veldig privat stad det er snakk om, og det kan følast blodig og gørrete for mange. Men vi må hugse at det er noko alle jenter opplever. 

Snakk med gutane også

Silje meiner det er for lite informasjon om mensen i skulen.

– Vi treng at det blir snakka om det psykiske også. At det til dømes kan vera veldig utfordrande for mange. Ein del jenter blir så dårlege at dei ikkje klarar å gå på skulen når dei får mensen. Det må snakkast om, seier ho.

Mange jenter snakkar med mor si eller nokre få venninner om mensen. Gutane står ofte på sidelinja og taklar det med å spøke, erte eller mobbe.

– Gutane er ikkje ein del av samtalen, og difor ender det ofte med at dei ertar, seier Silje. 

Ho meiner gutane også må inn i praten.

– Vi må snakke tidleg med gutar om kva mensen er, slik at dei også får sjansen til å forstå korleis jenter har det.