Lagar barnebøker med etnisk mangfald

Barnebøkene «Nattsvermerne» og «Bak den svarte porten» ønskjer å visa fram hovudpersonar med fleirkulturell bakgrunn.

«Nattsvermerne» av Sunniva Sunde Krogseth handlar om Noor som er redd for å sova ute. Både Noor og familien hennar er mørkhuda, utan at dette blir tematisert i boka, skriv NRK.

– Barn kjem i alle moglege variasjonar, og som forfattar og illustratør føler eg eit ansvar for å visa nettopp dette. Eg tek eit val kvar gang eg gir karakteren min eit namn eller bestemmer meg for korleis nokon ser ut. Det finst ikkje noko som er «nøytralt», seier Krogseth til NRK.

ILLUSTRASJON: Gyldendal / Sunniva Sunde Krogseth

1 av 20 bøker

Ein gjennomgang Aftenposten gjorde i 2019 visste at berre om lag ei av 20 skjønnlitterære barnebøker har ein hovudkarakter med tydeleg fleirkulturell bakgrunn. Med andre ord har det vore ein mangel på etnisk mangfald i barnelitteraturen. Men fleire ferske bøker freistar å løysa dette problemet.

I haust vart både «Nattsvermerne» og «Bak den svarte porten» gitt ut. Begge er illustrerte barnebøker der hovudpersonen kjem frå familiar med fleirkulturell bakgrunn.

– Det er viktig at alle kan få sjå seg sjølv i historiene vi les, og eg trur det er viktig at vi ser menneske som er annleis enn oss sjølv, uansett kven me er. Dette gjeld òg for barn, seier Sunniva Sunde Krogseth til NRK.

ILLUSTRASJON: Gyldendal / Sunniva Sunde Krogseth