Fortel om fyrste gong dei fekk mensen

I boka Min M-bullet journal fortel fleire kjende fjes om fyrste gong dei fekk mensen.

Emilie Lein (17), fotballspelar og TikTokar

Foto: Privat / Cappelen Damm

– Når eg fyrst får mensen, så blør eg veldig mykje. Ei av bekymringane er dei kvite treningsshortsane våre. Når tante Rød er på besøk synast det veldig godt dersom ein blør gjennom. Men, den største utfordringa er vel at kraftige menstruasjonsblødningar av og til går utover prestasjonsevena mi.

Selda Ekiz (35), fysikar og programleiar

Foto: Privat / Cappelen Damm

– Eg hadde fått det for meg at mamma og pappa ville gifte meg bort når eg hadde blitt kvinne og fått mensen. På det tidspunktet prøvde dei nemleg å arrangere eit ekteskap for den eldre systra mi.

Ezinne Okparaebo (32), friidrettsutøvar på landslaget

Foto:Stephen Simmersholm / Cappelen Damm

– Har eg skada meg? Det var min første tanke. Eg var 11 år, skjøna lite av det og var ganske forvirra. Eg ville deale med det sjølv og stappa trusa full av dopapir. Mamma, som vaska kleda, oppdaga det likevel raskt og kunne fortelje meg at eg hadde fått noko som heiter mensen. Det syntes eg var flaut. Ingen av dei andre i klassa hadde fått det.

Ulrikke Falch (24), skodespelar

Foto: Leif Erik Sørensen / Cappelen Damm

– Dette burde vi ha lært mykje meir om på skulen. Dei underviste for lite om jenter sin menstruasjonssyklus og alt som følgjer med. No veit eg at ein gong i månaden kan det kome dagar der eg ikkje føler meg så bra. Skilnaden er at no legg eg skylda på mensen og ikkje på meg sjølv!

Penelope Lea (15), miljøaktivist og Unicef-ambassadør

Foto: Synne Lea / Cappelen Damm

– Det er viktig at vi ikkje lagar grupper der vi held kvarandre utanfor. Mensen er jo noko alle jenter får, men vi utviklar oss på ulike tidspunkt. Det er lett å dele jenter inn i to grupper, «dei som har fått det» og «dei som ikkje har fått det».