– Mensen er eit vakkert tema

I Min M bullet journal fortel artisten Aurora Aksnes (24) om sitt fyrste møte med mensen.

– Den dagen eg fekk mensen, sat eg faktisk høgt i eit tre, fortel Aurora som vaks opp i Os kommune i Vestland fylke.

– Eg var vel 13-14 år då det skjedde. Eg hugsar at eg hadde tatt turen ut for å klatre i trea like ved huset vårt. Eg merka etter kvart at noko hadde skjedd, og gjekk heim. Der oppdaga eg at eg hadde fått mensen! Det var veldig rart. Eg hugsar at eg pakka meg inn i dyna mi og sat i senga ei lita stund, fortel Aurora.

Den fyrste som fekk høyre om den store hendinga var Aurora sin pappa. Ho syntest det var heilt greitt å snakke om mensen.

– Det var ikkje flaut. Det var jo i grunn berre ein fin ting. Eg synest også at raud er ein veldig fin farge. Raudt som roseblader, det er nesten litt romantisk. No som eg er vaksen og jobbar som kunstnar, synest eg også at mensen er eit vakkert tema. Vi kvinner er så sterke. Det er veldig rørande, seier ho.

Dagen Aurora fekk mensen laga ho eit lite ritual der ho tente stearinlys og fletta håret sitt.

– Eg laga ein liten krans av blomar og kvistar som eg hadde på hovudet. Så sat eg der med lyset mitt og heldt ein liten seremoni. Som om eg var ei lita heks. Eg trur også eg skreiv ned nokre løfter til meg sjølv. Men dei er hemmelege.

(Kjelde: Cappelen Damm)