Julekalender luke 21

Har du laga ein spå nokon gong? I dagens kalenderluke lærer du korleis du kan lage ein slik!

Du treng:

  • Eit ark. Gjerne eit som er litt tjukkare enn eit normalt skriveark, slik at det er lettare å bretta fint.
  • Saks
  • Linjal
  • Ein penn

Slik gjer du:

  • Mål arket med linjalen, slik at kvar side er 21 cm. Då får du eit kvadrat – der alle sidene er like lange. Sett ein strek, og klipp vekk delen av arket som du ikkje treng.
  • Brett arket i fire like deler, slik at det blir eit kryss i midten av arket.

    Foto: Marte Husabø
  • No kan du brette kvart hjørne innover, slik at spissen på hjørna når akkurat midten av papiret. No har du endå eit kvadrat – men dette er mykje mindre enn det du starta med.
  • No kan du snu kvadratet. Brett på nytt alle hjørna innover, slik at spissen ligg inn mot midten.
  • Når du har gjort dette, er neste prosjekt å åpne spåen. For å få det til, må du bretta kvadratet rett over. Ser du dei små lommene på kvart hjørna? Stikk fingeren inni og vri slik at du får opna den til ein spå!
  • No er det berre pyntinga att. Du kan skrive kva du vil inni, men eg har laga tal på kvar side. Under den, har eg skrive fine ting du kan gjera for andre no i førjulstida.
    Eksempel: Ring til besteforeldra dine, gi foreldra dine en klem når du kjem heim frå skulen, hjelp nokon med leksene, skriv eit fint julekort og så vidare.