Julekalender luke 8

I dagens kalenderluke får du vite korleis du kan lage ein juleengel av hjarteskjel du finn på stranda.

Dette treng du:

  • Lim
  • Skjel frå stranda
  • Sytråd
  • Lærartyggis
  • Frysestrips eller ståltråd

Slik gjer du:

  • Bruk det største skjelet som kjole, og to litt mindre som vengjer. Lim dei saman som vist på bilete.
  • Rull ei rund kule av lærartyggisen – som skal bli til engelen sitt hovud. Lag ein liten spiss på den eine sida av kula, slik at du får pressa hovudet fint på plass mellom skjel-vengjene.
  • Lag ein glorie av frysestrips eller ståltråd, og fest denne på baksida av hovudet.
  • Heng engelen i vindauga eller på juletreet.