Framtidajunior Kultur Engelsk dominerer det norske barn og unge ser på YouTube, dataspel og...
Foto: Skjermdump/Språkrevyen

Engelsk dominerer det norske barn og unge ser på YouTube, dataspel og i filmar

SJÅ VIDEO: Språkrådet ønskjer meir norsk på YouTube.

I årets Barn og medier-undersøking har barn og unge for første gong fått spørsmål om kva språk dei brukar mest når dei ser TV-seriar og filmar, spelar dataspel og ser videoar på YouTube.

Tala syner at det oftast er engelsk det går i.

For seks av ti norske 9-18-åringar går det mest i engelsk på underhaldningsfronten, medan norsk dominerer for fleirtalet når det kjem til nyheiter.

Medietilsynet-direktør Mari Velsand seier i ei pressemelding at endå det er positivt at norske barn vert betre i engelsk, så lyt dei også ha tilgang på medieinnhald på norsk:

– Det er viktig både for å utvikle språket og ta vare på identiteten.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Desse bøkene les barn no

Bukkene Bruse og Detektivbyrå nr. 2 var dei mest populære barnebøkene i september, men det er også ein nykomar på lista.

VIDEOAR