Forfattaren skreiv om falske fakta og heldt på å gjere feil

Ingelin Røssland er aktuell med boka «Falske fakta». På ei av sidene i boka skreiv ho noko feil som gjorde at boka måtte trykkast på ny.

Ingelin ville skrive ei bok om kva som er sant og ikkje. For som ho sjølv seier: 

– Kvifor seier vi ting som vi veit ikkje er sant? Som det at vi ikkje kan bade rett etter at vi har ete?

«Falske fakta» /Gyldendal

Fakta om «Falske fakta»

  • Boka «Falske fakta» er illustrert og kjem ut i serien LESEBRA på Gyldendal.
  • Boka har 40 sider. 
  • Boka passar spesielt godt for ferske lesarar som er opptatt av fakta og sanning.
  • Ingelin Røssland og Jenny Jordahls har tidlegare gitt ut bøkene «Hårete fakta» og «Blodige fakta» saman.

Heldt på å spreie falske fakta sjølv

Ingelin har opplevd å nesten formidle falsk fakta sjølv. Det skjedde faktisk med boka «Falske fakta».

I det som eigentleg skulle verre den ferdige boka skjedde det ein glipp. Der skreiv ho at folk før i tida trudde at jorda var flat. Noko som mange kanskje har lært.

– Men det er ei myte. I middelalderen visste dei faktisk at jorda var rund.

Verken forfattaren, redaktøren eller illustratøren av boka klarte å avdekke denne feilen. 

– Men ein snill anmeldar las eit anmeldareksemplar og gav beskjed om denne faktafeilen.

Då blei boka stoppa, og trykt opp på nytt, med riktig fakta. Det viser kor lett det er å spreie falske fakta.

Viktig å tenke kritisk 

– Denne feilen viser kor viktig sanninga er, seier Ingelin. – Seier du feil, eller gjer ein feil er det viktig å seie unnskyld og rette opp i det.

Det er viktig å tenke kritisk. Dette gjeld både for vaksne og barn. 

– Det er lurt å spørje endå meir om kvifor, seier forfattaren.

– Det er kjempefarleg å ikkje vere nysgjerrig. 

– Det kan verre skummelt å verre nysgjerrig, men ein skal dyrke nysgjerrigheita, seier Ingelin.

«Det er kjempefarleg å ikkje vere nysgjerrig»

FALSKE FAKTA: Får ein makk i magen av å ete snø? Eigentleg ikkje. Fersk snø går heilt fint å ete. Einaste du skal passe på er å ikkje ete gamal snø, der fuglar eller andre dyr har satt spor. Illustrasjon frå Falske fakta/Jenny Jordahl, Gyldendal