VIDEO: Vegen til kjærleik, pengar og suksess? – Ein kvass og vittig penn!

Ingelin Røssland har laga 8 skrivetips til deg.

Den som kan skriva godt har alle fordelar, nesten.

 For å begynna og tipsa med det same, så vil eg gi deg eit råd om at du legg tid på overskrifta di. Her er det mykje slurv, så vinn deg nokre gode poeng frå start.

Finn på noko som gjer lesaren nyfiken.

Dei fleste av oss blir trigga av orda kjærleik, pengar og suksess, på ein eller annan måte.

No når eg har lokka deg med alle flotte ting du kan oppnå i livet ved å bli betre på å skriva, så tippar eg at du er rimelig sugen på å få ta del i mine løyndommar?

Du skal få 8 skrivetips. Desse skal innrømma at eg ikkje har funne på av meg sjølv. Dei er ein slags saus eg har kokt saman etter å ha lese enorme mengder bøker, snakka med andre forfattarar og kome fram til gjennom årevis med prøving og feiling.

Bli med på skrivekonkurransen vår!

Er du klar?

  1. Kvifor skriv du?

Finn ut kvifor du vil skriva? Det er mindre viktig om det er novelle, essay eller kåseri, det viktige er kva er det som brenn i deg? Er det å koma med ein bodskap til verda, bli berømt eller vinna ein skrivekonkurranse? Det er superviktig at du kan svara på dette eine spørsmålet. Veit du dette så har du eit godt utgangspunkt. Her er det berre ein regel som gjeld, og det er å vera brutalt ærlig.

  1. Tenk deg om først
    Det er lurt å planlegga teksten din før du begynner. På denne måten sparar du masse tid. Skriv gjerne ned nokre punkt som du veit du vil ha med. Eg er med andre ord heilt i mot dei som meiner at du berre skal setja deg ned og begynna å skriva vilt og sjå kor teksten tar deg.

3. Hald deg til tema

Det kan vera fristande å la den eine tanken følgja den andre, og så hamna heilt ut på viddene. Du begynner å skriva om miljøet, men endar opp med å skriva at alle politikarar er heilt dust… Eller du skal skriva ei kjærleiksnovelle om det første kysset, men oi der kom tante Petra forbi, la meg skriva litt om kor rar ho ser ut og at ho er på veg til butikken for å hamstra dopapir i ei gammal barnevogn…

  1. Bruk sansane

Me har (minst) 5 sansar og desse er gull å bruka i skrivinga. Syn, hørsel, lukt, smak og det me kjenner med hud og fingrar. Bruk sansane aktivt når du skriv, korleis kjennest det ut å ta på barken på eit tre? Kva minnar kjensla i fingertuppane deg om? Korleis luktar treet? Å stikka tunga ut å smaka på barken er kanskje å dra det litt langt, men du skjønar kanskje kva eg meinar likevel? Sansane er det som gir liv til teksten. NB! Det finns ingenting meir provoserande enn umotiverte skildringar. Skriv du at ein genser er gul, så skal det vera ein grunn til det.

Eit eksempel på bra bruk av gul genser: Eg vakna opp og var på eit elendig humør, ikkje ein gong den gule genseren min kunne få meg i betre humør.

Eksempel på dårlig bruk av gul genser: Eg tok på meg gul genser, blå bukser, sminka meg med rosa leppestift og tok ein grøn strikk i håret.

  1. Bruk deg sjølv

Skriv om noko du har greie på, og stol på at dine tankar og meiningar er bra nok. Med ein gong du prøver å bli nokon andre, blir det berre tull. Bur du på landet skriv ut frå det, bur du i ein by så skriv du ut i frå det. Dei gongene eg har misslukkast, er når eg har prøvd meg på å skriva ting som ligg for langt bort frå meg sjølv, så langt bort at eg ikkje klarar å leva meg inn i det.

  1. La teksten kvila

Når du har jobba med teksten din ei stund, så har den godt av å kvila seg. Det er omtrent som når du bakar bollar, teksten treng å bli sett til heving. Og mens teksten ligg der og kviler, skal du gjera det same. Ta deg ein tur ut.

  1. Få nokon til å lesa teksten din

Det kan vera skummelt å la nokon lesa ein tekst som du ikkje er heilt ferdig med, men tru meg det er verd det. Står du fast eller kjenner deg usikker, er det gull å la nokon andre lesa. Dei kan koma med både spørsmål og forslag som kan gjera teksten din betre. Når ein forfattar skal gi ut ei bok, blir manuset både lese og granska nøye av alle mulige folk.

  1. Ver ein vriompeis

Sjå på førsteutkastet til teksten din med eit kritisk blikk, er det andre måtar du kunne løyst den på? Har du tenkt for enkelt? Er det berre din versjon av det alle andre har sagt før deg? Her kan det også vera lurt å få innspel frå nokon andre.

No når du har fått alle desse tipsa, så er det berre til å ta dei i bruk. Og husk det ekstra tipset om å pønska ut ei god overskrift. Lykke til!

Bli med på skrivekonkurransen vår!