FOTO: Mike MacKenzie/Flickr CC BY 2.0

Kva er falske nyhende?

«Fake news» er engelsk og betyr falske nyhende. På internett, aviser og vekeblad blir det ofte skrive ting som ikkje er sanne. 

Dennis Vareide har blitt utsatt for Fake news. han er ein av mange som blir utsatt av løgner på internett. (Foto: Linkedin)
Dennis Vareide har blitt utsatt for Fake news. Han er ein av mange som blir utsatt av løgner på internett. (Foto: Linkedin

Mange kjendisar opplev å få falske rykter om seg. Kronprinsesse Mette-Marit, Dennis Vareide frå Prebz og Dennis og politikarar har opplevd det. Og denne lista er evig lang. Du treng ikkje vere kjendis for å få eit falskt rykte på deg. Kanskje du også har fått spreidd falske rykter om deg? Det er eigentleg det same.

Ein må vere kritiske til kjelda

For ei tid tilbake hadde kronprinsesse Mette-Marit eit møte med ein tidlegare redaktør i Noregs største avis der dei snakka om dette. Der sa kronprinsessa noko som er veldig viktig når ein jobber som journalist. Men dette gjeld også dei som skal hente informasjon på internett.

Kronprinsessa sa at ein må vere kritisk til å sjå kvar kjelda kjem frå. Med det meiner ho at dersom du les noko som verkar for godt til å vere sant, må ein sjekke kvar kjelda kjem frå. Kjelda er opphavet til informasjonen.

Eit oppdikta døme på «fake news»

Ein kan sjå føre seg at ein journalist i Framtida junior skriv at statsminister Erna Solberg uttalte seg til Dagsrevyen at ho vil gje gratis brus til alle elevar på barneskulen. Då er kilda sikker. Då veit vi at om ein går inn på Dagsrevyen så vil ein høyre det Erna sa. Mest truleg vil nok fleire aviser skrive om dette som refererer til Dagsrevyen. Ein kan då vere sikker på at det er sant.

Men om ein les at statsministeren vil gje gratis brus til alle elevar på barneskulen, utan å vite kvar kjelda kjem frå, må ein vurdere om dette er sant. Kanskje ein kan søke om det på nettet? Kjem ein fram til ein plass der ein ser kvar statsministeren har sagt dette? Er det berre eit rykte? Verkar det lite truverdig? Mest truleg er ikkje dette sant. Det er «fake news» eller falske nyhende.

Falske rykter spreiast fort

Dersom du hadde lese dette som stod skrive over og spreidd det vidare, hadde det blitt ei falsk nyhende. Og det er ofte slik det startar. Ein høyrer noko, som ein seier vidare, og etter kvart er det mange som trur på det, sjølv om det ikkje er sant.

På internett kan eit falsk rykte spreiast fort, og ein misser kontroll over kva som er sant eller ikkje.

Mange som skriv falske nyhende vil sverte nokon. Dei vil rett og slett at folk skal tru feil om personen eller saka dei talar om.

Vaksne er like dårlege som barn

Det er ikkje slik at vaksne er flinkare til å skilje mellom ekte nyhende og falske nyhende. Det er mange som tek feil, og mange vaksne spreier falske rykter mellom anna på Facebook. Ein må alltid lese saka og sjekke om avsendaren er truverdig. Er du usikker kan du søkje på nettet for å sjekke om du kjem til ei side der saka er omtala med truverdig kjelde.

NRK, TV2, VG og Dagbladet har gått saman og laga ei side som heiter faktisk.no som jobbar med å avdekke falske nyhende.

Ordforklaring: Språkrådet er eit råd som jobbar for staten og som har som mål å styrke det norske språket. Det er dei som har kåra årets nyord.