Malin er ute med ny bok i Nordlys-serien

Malin Falch kjem frå Trondheim og er teikneserieskapar. Ho har laga dei suksessfulle Nordlys-bøkene. No er ho ute med si tredje bok i teikneserien - KRÅKESØSTRENE.

  • Namn: Malin Falch
  • Alder: 27 år
  • Mental alder: 27 år

Malin fekk nyleg Tegneserieprisen 2019 for Bjørnar. Ei historie frå Nordlys.

Kort om boka «Nordlys: Kråkesøstrene»

Etter å ha kome seg unna vikingane og trollet Trym reiser Sonja og Lotta til den gøymde fjellfolk-landsbyen. Dei føler seg trygge og velkomne, men det viser seg at landsbyhøvdingen, Ravdna, gøymer ein mørk hemmelegheit.

Den fyrste boka i Nordlys-serien vann både Ark barnebokpris og Pondus-prisen i 2018. Samt Barnas bokpris i 2019.

Korleis jobbar du?

Eg lagar teikneserier, så eg skriv og teiknar alt sjølv.

Kva for ein historisk person kunne du tenkt deg å vere for ein dag?

Leonardo Da Vinci. Eg skulle likt å sjå kva som føregjekk oppi hovudet hans.

Kva for ein kjendis kunne du tenkt deg å invitere på eit glas brus?

Pewdiepie 

Foto: Camknows/Wikipedia

Tre barneboktips:

Eg les ikkje så mykje barnebøker for tida, men eg har lese ein del manga, japanske teikneseriar. Dei som er barnevenlege som eg kan anbefale er “Fullmetal Alchemist”(den er for litt eldre barn), “My Hero Academia”, og “Azumanga Daioh”.

Fullmetal Alchemist

Tre illustratørar du likar: 

Hayao Miyazaki, Yoshiyki Sadamoto, Yusuke Murata (har ikkje med barnebøkene eg nemde, men alle er japanske)