Vinnarbøker for barne- og ungdomslitteratur 2019

Her er vinnarane av Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2019.

I år er det ti prisvinnarar innan sju priskategoriar: litteraturprisen, bildebokprisen, fagbokprisen, debutantprisen, teikneserieprisen, illustrasjonsprisen og omsetjarprisen.

Litteraturprisen 2019 på 50 000 kroner går til Ingeborg Arvola for Buffy By er talentfull. Ein sjølvbiografi, Cappelen Damm.

Bildebokprisen 2019 på 50 000 kroner går til Marianne Gretteberg Engedal for Pølsetjuven, Samlaget.

Fagbokprisen 2019 på 60 000 kroner blir delte mellom Nina Brochmann, Ellen Støkken Dahl og Magnhild Winsnes for Jenteboka. Ellen og Ninas guide til puberteten, Aschehoug.

Debutantprisen 2019 på 50 000 kroner går til Neda Alaei for Dette er ikkje oss, Gyldendal.

Tegneserieprisen 2019 på 50 000 kroner blir delte mellom Malin Falch og Regine Toften Holst for Bjørnar. Ei historie frå Nordlys, Egmont.

Illustrasjonsprisen 2019 på 50 000 kroner går til Rune Markhus for illustrasjonane til På omvegen heim, Gyldendal.

Oversetterprisen 2019 på 50 000 kroner går til Kirsti Vogt for omsetjinga frå engelsk av Jessica Townsend: Vundersmed. Morrigans kall, Vigmostad & Bjørke