Ny forfattarspalte: Hels på Trude Tjensvold

Trude Tjensvold er forfattar og illustratør. Ho elskar å bade og anar ikkje kva Fortnite er. Ho likar litt skumle bøker, og no er ho aktuell med ei ny bok.

  • Namn: Trude Tjensvold
  • Alder: 54 år
  • Mental alder: 12 år
  • Aktuell med boka Vil du ha katt på Samlaget. (Meir om boka lengre nede.)
  • Kven var den siste du sendte sms til: Linn, ei venninne.
  • Kva stod der: – Det er bra landing 😀 (Handla om ein TV-serie på Netflix)

  • Kvar er du akkurat no? – På jobben. Eit kontor der mange illustratørar sit og jobbar.

  • Kva synest du om Fortnite? – HÆ?
  • Kva for ein fisk er søtast? – Den som bur djupt nede, og har ei lita lykt på ei stang foran fjeset.

Kjendismøte

Kva for ein historisk person ville du vore ein heil dag?

– Frida Kahlo. Ho var ein meksikansk kunstnar. Eg skulle brukt dagen til å måle veldig mange fine bilete.

Frida Kahlo av by Guillermo Kahlo/ Wikipedia.

Kva for ein kjendis vil du invitere på eitt glas brus?

–  Leo Ajkic. Det blir gøy!

Lea Ajkic (Jarle H. Moe / Nordiske mediedager/ Wikipedia).

Dilemma

Bade utandørs kvar einaste morgon – heile året, eller smøre inn håret med ketsjup kvar morgon som du må gå med heile dagen.

SVAR:–  Bade! Elskar å bade!

Så over til det viktigaste: BØKER

Tre barnebøker du vil anbefale

  1. Hobbitten (boka er betre enn filmane!) av J R Tolkien.
  2. Alt av Astrid Lindgren.
  3. Den mørke materien (trilogi) av Phillip Pullmann.

Kva for ei bok gjorde inntrykk på deg som barn, og kvifor?

– Frendelaus av Hector Malot. Den var veldig trist og veldig spennande.

Kva meiner du ei god barnebok MÅ innehalde?

– Noko litt farleg.

Pixabay

Fullfør setninga:

Det beste med å lese ei bok er… å forsvinne inn i ei verd som berre er mi.

Ny bok

Vil du ha katt er ei lesetreningsbok i Leselandserien for barn frå 6 år og oppover, som les sjølv. Boka handlar om søskena Gro og Gunnar som finn ei kasse. I kassa ligg det ein katt. Katten heiter Rusken og treng ein ny heim. Kanskje nokon i blokka deira vil ha ein ny katt? Og kan ein slange og ein katt bu i lag?

Trude har også gitt ut boka Bo flyttar ut, som har vorte nominert til ein rekke prisar.

Ny Leseland-bok frå Trude Tjensvold.