Alt du treng vite om fastelavn

Kvifor feirar me? Kva er det med bjørkeris og farga fjør? Og kvifor et vi boller med syltetøy og kremfløyte?

Fastelavn er eit symbol på kampen mellom sommar og vinter, der spirande kvistar beseirar snø og istappar.

Her er ei liste med fakta du kan dele med vener eller familie når du sit klar til å spise nybakte bollar med kremfløyte og syltetøy. På bordet står kanskje bjørkeris med fargerike fjør?

  • Fastelavn er eit ord som stammar frå det nordtyske ordet for «kvelden før fasten», det vil seie dei siste tre dagane før fastetida. Dette er den romersk-katolske kirka sin fasteperiode som varer i 40 dagar før påske.
  • Fasten startar askeonsdag. Dagane før vert kalla fastelavnsundag, blåmåndag og feitetysdag.
  • Dei tre siste dagane før fasten er det lov å fråtse i god mat.
FEITETYSDAG: Kjøt og anna feit mat var viktig desse tre dagane før fasten. FOTO: Pixabay
  • Fastelavnhelga er avslutninga for mange karneval. Verdas mest kjente karneval føregår i Rio de Janeiro.
  • Fastelavnsriset er bjørkeris pynta med fargerike fjær. Dei grøne knoppane på kvistane står for fruktbarheit. I gamle dagar fekk både plogen dei nytta til å pløye jorda, trea, dyr og familiens kvinner seg ein omgang med riset for å sikre god fruktbarheit.
  • Å sikre gode avlingar var viktig for bøndene, som også ifølgje historia sette nakne jomfruer føre plogen i fastelavnsritualene.
PÅ GARDEN: Plogen var viktig for bøndene. ILLUSTRASJON: Pixabay
  • Baking av fastelavnsboller eller berlinerboller er utbreidd i norske bakeri helga før fasta, og mange norske familier bakar bollar med kremfløyte. Nokon har syltetøy inni, medan andre har vaniljekrem.
  • Fastelavn vil alltid falle på ein sundag.

(Kjelde: Wikipedia)