Derfor et me bollar med krem til fastelavn

I dag er det fastelavn, og viss du er heldig får du kanskje ein deilig bolle med krem. Men veit du kvar tradisjonen med krembollar kjem frå?

Etter gamal skikk blir fastelavn feira sju veker før første påskedag.

Tradisjonelt feirar nordmenn dagen med nybakte bollar, fastelavnsris, bjørkekvistar med fjær og kanskje eit karneval på skulen. 

Men kvar kjem eigentleg tradisjonen med krembollar frå? Dei gode bollane kan faktisk sporast fleire hundre år tilbake i tid, ifølgje vi.no.

Ta kvissen: Den store fastelavnkvissen

Feitesøndag vart til fastelavnssøndag

Opphavleg vart fastelavnssøndag kalla feitesøndag eller fleskesøndag.

Denne dagen var det vanleg å fleska seg med god og feit mat, som mellom anna flesk eller feit suppe med mjølbollar. Og det er nettopp desse mjølbollane som truleg er opphavet til krembollane me et i dag.

Bollane dukka først opp i byane, og seinare flytta det seg til bygdene i Noreg.

Bollar og fastelavnsris

Ifølgje melk.no har det lenge vore knytt overtru til bjørkeriset i Noreg. Mange meinte at bjørkeris som enno ikkje hadde fått blad, hadde magiske krafter som kunne gi eit fruktbart år. Derfor fekk både marka, dyr og kvinner ein runde med riset.

Spesielt var det kvinnene som fekk smaka riset, og når ein ung mann møtte ei kvinne, kunne kan gjerne gi ho eit lite klaps med riset. Prisen for å ha fått eit lite klaps, var alltid ein bolle. Og vips fekk me tradisjonen med fastelavnsbollar.