170 babydyr

I fjor vart det fødd 170 babydyr i denne meksikanske dyreparken. Her jobbar dei for å bevare truga dyr.

Dyrehagedirektør Juan Carlos Sánchez Olmos matar ein sjiraff i Mexico by. Dyrehagen Chapultepec Zoo er 96 år gamal og dei jobbar for å bevare dyr som er truga.

I fjor vart det fødd 170 babydyr i parken. Mellom anna to sjiraffar og seks meksikanske gråulvar.