Sumatranashornet er lågt og hårete og lever i skogane i Søraust-Asia. Det et store mengder plantar og spreier frø gjennom avføringa si. Men ifølgje raudlista til Verdas naturvernunion, IUCN, finst det berre rundt 30 sumatranashorn igjen. No skal arten få ekstra hjelp, skriv Verdens Beste Nyheter.
Tal frå IUCN viser at nesten 50 000 artar er klassifiserte som trua eller sårbare. Av desse er 11 400 kritisk trua.
Skal hjelpa 100 artar
No har Phoenix Species Project fått 200 millionar dollar – meir enn 1,9 milliardar norske kroner – til å byggja opp att bestandane av trua artar. Pengane kjem frå naturvernorganisasjonen Re:wild og klimafondet Bezos Earth Fund. Prosjektet har valt ut 100 dyre- og planteartar i 30 land.
Forskarar, naturvernarar, lokale organisasjonar og urfolksgrupper skal samarbeida om å ta vare på artane.
Berre få vaquitaer igjen
Ein av artane på lista er vaquitaen, ei nise som lever i Californiabukta. Forskarane reknar med at det berre finst mellom 9 og 18 vaquitaer igjen. For å redda nisene må fiskeforbod følgjast. Det må heller ikkje brukast garn som kan fanga dei ved eit uhell.

Salamanderen Hickory Nut Gorge green salamander skal òg få hjelp. Rundt 500 slike lever i fjella i Nord-Carolina i USA. I løpet av fem år er planen å avla fram og setja ut opptil 200 nye salamandrar.

Forskarar understrekar at det ikkje er nok å redda éin art om gongen. Naturen som dyra og plantane lever i, må òg takast vare på.






















