Slår alarm på utrydningstruga dyreartar

Ein ny rapport viser at tapet av natur er ein stor trusel, på like linje som klimaendringane.

Artikkelen er henta frå NRK.no, der saka var fyrst publisert.

FN-rapporten er skriven av 145 ekspertar frå 50 land.

I rapporten står det mellom anna om utviklinga gjennom dei siste 50 åra.

Rapporten viser at vi går ei mørk framtid i møte dersom vi ikkje gjer store endringar i korleis vi brukar naturressursane.

Noko av det som er trua

  • Korallreva er trua.
  • Ein tredjedel av alle pattedyr som lever i havet er trua.
  • Tropiske regnskogar er truga. -Her gjekk enorme mengder skog tapt mellom 1980 og 2000.
Pixabay

Områda mellom Kina og Tibet der pandaen lever har redusert størrelsen på grunn av avskoging, beiting og oppdyrking av mark. I dag er pandaen freda.