Glede og skuffelsar i 2019 – og håp for det nye året

Kva hugsar du best frå nyhendeåret som har gått? Framtida Junior har snakka med med barneministeren om året som har gått.

Fleire millionar barn og ungdommar over heile har gått i klimastreik i 2019. Greta Thunberg har inspirert mange gjennom skulestreiken ho byrja med hausten 2018. Nyleg blei ho kåra til Årets person av det amerikanske magasinet TIME for innsatsen sin – som den yngste nokosinne.

Elles i utlandet har Donald Trump fått mykje merksemd i år også. Han er i ferd med å bli stilt for riksrett for å ha misbruka makta si. Han har òg vore under etterforsking for russisk innblanding i presidentvalet han vann for tre år sidan.

Nytt parti i den norske regjeringa

Her i Noreg fekk me ei firepartiregjering i januar då også Kristeleg Folkeparti med i regjeringa – saman med Høgre, Frp og Venstre.

Kjell Ingolf Ropstad blei leiar av KrF og barneminister. Men det er ikkje det som har gledd han mest i år.

– Å bli pappa for andre gang i haust er det som har gledd meg mest! seier han til Framtida Junior.

– Kva har skuffa deg mest i 2019?

– Eg skulle ønske at vi hadde fått til endå meir for barn som har det vanskeleg. Mange barn veks dessverre opp i familiar med dårlig råd, og det kan vere for dyrt å delta i fritidsaktivitetar. Difor vil vi innføre fritidskort for alle barn, noko som vil gjera det mogleg å delta uavhengig av kor mykje foreldra deira tener.

– Kva er håpet ditt for 2020?

– Eg håpar at vi kan kome eit steg nærare klimamåla, og så vil eg gjerne at vi kan få til endå meir for barn som på ulikt vis har det vanskeleg.