– Å vera med i klassen var ei fantastisk oppleving

Framtida Junior har snakka med Leah Ovidia Langeland som spelar rolla som "Astrid" i «Klassen» på NRK Super. Kva har gledd ho mest i 2019? Og kva håpar ho vil skje i 2020?

Kva har gledd deg mest i 2019?

– Det som har gledd meg mest i år, er at eg har fått vera med i «Klassen». At eg fekk den fantastiske opplevinga.

Kva har skuffa deg mest i 2019?

– Det som har skuffa meg mest er at eg knakk ankelen tidlegare i år. Då kunne eg ikkje spele fotball.

Kva er håpet ditt for 2020?

– Det eg gler meg mest til neste år er at eg kanskje skal møte folka frå «Klassen» igjen.