I kveld eksploderer himmelen med fargar og lyd

Men visste du at fyrverkeri eigentleg er mineralar, salt og jern? Her får du fem fakta om fyrverkeri.

1.

Fyrverkeri finnast i mange forskjellige variantar. Det kan brukast til fest, på nyttårsaftan, til militære formål eller for å sende eit signal dersom du er i naud.

Visste du at stjerneskot også vert rekna som fyrverkeri?

2.

Den opphavlege grunnen til at folk starta å sende opp fyrverkeri på nyttårsaftan, var at dei ville skremme vekk onde andar.

Dei håpa at dei ved å lage bråk og smell, gjorde til at dei vonde andane haldt seg vekke det komande året.

3.

For å lage fyrverkeri, treng ein krut.

Det var kinesarane som fann opp krutet, utan at dei eigentleg hadde planlagt det. Det dei ville finna opp, var ein medisin som skulle gi evig liv.

LES OGSÅ: – Slik lagar du ei trygg jul- og nyttårsfeiring for kjæledyret ditt

4.

På 1800-talet, fann italienarane ut at dei kunne gjera meir ut av eksplosjonane. Dei blanda mineralar og salt med krutet, og slik fekk fyrverkeriet fargar. Heilt i starten var det berre gult og oransje, men etter kvart fann dei også ut korleis dei kunne laga andre fargar.

Visste du at gult fyrverkeri vert laga av krut og vanleg kjøkensalt?

5.

I Noreg er det berre lov å kjøpa fyrverkeri (som står på bakken) frå 27. – 31. desember. Med mindre noko anna er avtala, er det berre lov å fyra det av mellom klokka 18.00 og 02.00 på sjølve nyttårsaftan.

Har du vore freista til å fyra opp ein liten rakett 2. januar, er det altså i dei aller fleste tilfelle, ikkje lov.

Kjelder: Klikk.no, SNL.no