Bruk vernebriller når du tenner på stjerneskot

Barn har ikkje lov å skyte opp rakettar og fyrverkeri. Viss du vil halde eit stjerneskot i handa er det lurt å lese dette fyrst.

Slik bruker du stjerneskot på rett måte:

  • Bruk stjerneskot ute.
  • Ikkje hald fleire stjerneskot saman – då kan det bli store flammar som slår tilbake i handa.
  • Hald det på strak arm, i god avstand frå andre menneske.
  • Ikkje veifte det føre ditt eige eller andre sine andlet.
  • Bruk vernebriller slik at du ikkje får gneistar i auga.

(Kjelde: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) / sikkerhverdag.no)