Hegerberg inn i Guinness rekordbok

Ada Hegerberg har fått plass i siste utgåve av Guinness rekordbok etter at ho blei den fyrste kvinnelege fotballspelaren som har vunne Ballon d'Or.

Ballon d’Or, ofte omsett til Gullballen på norsk, blir rekna som den viktigaste prisen ein fotballspelar kan vinne, skriv Aftenposten. I desember i fjor vann Ada Hegerberg prisen. Det var fyrste gong ei kvinne fekk prisen, og det er difor Guinness rekordbok no skriv Hegerberg inn i rekordboka.

– Det er fyrste kvinnelege Ballon d’Or, og dette er eit stort steg for kvinnefotballen. Eg trur vi alle føler at dette er stort, sa Hegerberg under takketalen i desember.