Logan Paul eig det dyraste Pokémon-kortet i verda

Youtubaren Logan Paul (27) debuterte på Wrestlermania, med verdas dyraste Pokémon-kort som eit smykke rundt halsen.

Logan Paul med Guinness World Records-sertifikat. Foto: Guinness World Records

Pikachu-kortet til YouTube-stjerna, er verdas dyraste Pokémon-kort som nokon gong er selt i ein privat handel. Det har Guinness World Records no bekrefta.

Prisen Paul måtte ut med for kortet, er svimlande 46 millionar kroner!

Kortet vart kjøpt i Dubai i 2021, og ifølgje Guinness World Records er det snakk om eit «PSA Grade 10 Pikachu Illustrator card». For å kjøpa kortet, betalte Paul fire millionar dollar i tillegg til eit «PSA Grade 9 Pikachu Illustrator», som var verd 1,275 millionar dollar,  skriv VG.

Les også: Politibetjentar fekk sparken – dei hadde spelt Pokémon Go på jobb

Brukte kortet som smykke

Hovudpersonen sjølv var så nøgd med kortet sitt, at han brukte det som smykke då han nyleg stilte opp i Wrestlermania, som er ein brytekonkurranse som blir sendt på TV i USA.

Då han var ferdig med konkurransen og gjekk i garderoben, fekk han uventa besøk av Guinness World Records. Dei var på plass for å gi han sertifikatet som beviser verdien til Pokémon-kortet.

– Eg har søkt på så mange rekordar, og det at eg fekk ein rett etter min første Wrestlermania-siger? Eg kjem til garderoben, og så får eg ein ny siger rett etterpå, sa ein fornøgd Paul då han fekk spørsmål om korleis det føltest å ta imot beviset.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Logan Paul (@loganpaul)