Mack Rutherford (17) flaug jorda rundt

Britisk-belgiske Mack Rutherford (17) er den yngste piloten som har floge rundt jorda heilt åleine. I tillegg gjorde han det i eit minifly.

Mack Rutherford tok flysertifikatet i 2020 og vart dermed den yngste piloten i verda i ein alder av berre 15 år. Rekordreisa, som byrja 23. mars i år, tok Mack gjennom totalt 52 land og over 5 kontinent. Han landa vest for Bulgarias hovudstad Sofia onsdag, fem månader etter at han byrja den globale flyreisa si, skriv Framtida.

Der fekk han Guinness-rekorden som den yngste piloten i historia som har fullført ei flyreise rundt jordkloden heilt åleine. I tillegg er han den yngste personen som har gjort reisa i eit minifly.

Det var NPK-NTB-AP som fyrst omtala saka.