Den magiske sommartida er her

Gratulerer! Det er sommar og skulefri! No fortener du å slappe av og nyte ferien.

No har mange skular i Noreg tatt ferie. Det er sikkert mange barn som skal gå på SFO/AKS nokre veker til. Kanskje nokre skal på sommarskule, også?

Det er iallfall tid for sommarhygge, og vi i Framtida junior ønskjer deg ein riktig god sommar. Vi håper du får leike, oppleve og lære ein heil del i dei fine sommarvekene – utan skule og lekser.

I løpet av sommaren vil det framleis kome litt saker på Framtida junior, for vi tek ikkje heilt ferie. Det er mange kvissar på sida vår, og saker du kan lese.

Vi ønskjer også bokmeldingar, så om du les ei god bok i sommar tek vi gjerne imot ei bokmelding frå deg.

Kva skal du i sommarfeien?

Huk av på det som passar best

Kva skal du i sommarfeien?

Vere heime3
På feire i Noreg5
På ferie i utlandet21
Spise is3
Besøke familien3
Lese bøker1
Spele Fortnite5
Gå på fjellet2
Bade6
Hyttetur3
Svar totalt: 52
Illustrasjon: Pixabay