Vi vil ha bokmeldingar

Er du glad i bøker og skal lese i sommar? Vi vil gjerne ha bokmeldingar frå bøkene du les.

Skriv ein liten tekst om kva boka handlar om utan å røpe slutten.

Ting du kan ta med som gjer det interessant for dei som skal lese bokmeldinga di:

  • Kven passar boka for?
  • Kvifor anbefalar du boka?
  • Var boka morosam, trist, lærerik?
  • Korleis er språket?
  • Kva var bra med boka?
  • Var det noko som mangla i boka?

Send inn på tips@framtida.no

God sommar!

Og hugs det Maria Parr sa til Framtida junior tidlegare:

– Å lese er ikkje det viktigaste ein gjer. Det viktigaste er å leike og leve og klatre og vere saman med andre. Men å lese, eller å bli lest for, det gir så mange nye tankar og følelsar. Ofte kan det å gå inn i ei historie gjere at vi kjenner oss mindre aleine og at vi forstår meir.