Mange barn gler seg stort til sommarferie og fri, men nokre gruar seg faktisk til ein kvardag utan skule og fritidsaktivitetar.
Sjølv om talet på barn som gruar seg til sommarferien har gått ned dei dei siste åra, er det framleis for mange, skriv Blå Kors i pressemelding.
Dei vanlegaste grunnane til at barn gruar seg er at dei ikkje har noko å gjere, manglar vennar å vere med, eller at familien ikkje har råd til ferie.
Mange barn kan også ha det tøft heime på grunn av foreldre som slit med sjukdom eller rus, eller at det er konfliktar i heimen. Då blir det ekstra tøft når ein ikkje får «pause» gjennom å dra på skulen eller fritidsaktivitetar.
– Inkluder
Camilla Lunde, leiar for førebygging i Blå Kors, meiner at små handlingar kan bety mykje for barna som føler seg utanfor.
– Det kan vere så enkelt som å invitere med ein ekstra på stranda, på kino, på grilling eller ein tur i nærmiljøet. For eit barn som gruer seg, kan det vere det som gjer heile ferien tryggare.
Camilla Lunde oppmodar foreldre, naboar og andre vaksne i nærmiljøet til å vere ekstra merksame i ferien.





















