Ny grøssarbok av Lars Mæhle

Lars Mæhle har skrive den spanande boka Djevelen vil alltid finne deg. Boka har nokre heilt vanvittige vendingar. Det er skummelt og grøssande frå start til slutt. Rett og slett ei slukebok!

Når denne boka blir opna, vil det skje. Da er tida inne. Kjære lesarar: De er hjelparane. De skal mane barnet mitt fram.

Slik startar den nye grøssarboka til Lars Mæhle. Ei spanande forteljing der lesaren må vere detektiv og finne djevelen.

Finn svarteboka

I boka møter du hovedpersonen Onu. Han bur saman med mora i Storskogen som ligg langt frå byen. Ein dag flyttar familien Korp inn i nabohuset – i den gamle prestegarden. Familien Korp har merkelege, bunadsaktige klede og oppfører seg merkeleg. Dottera Regine Korp, skal gå i klassen med Onu. Då blir dei til saman fire elevar på ungdomstrinet. For det er ikkje fleire tenåringar i Storskogen.

Onu og klassekompisane, Alex og Irmelin, blir involvert i eit mysterium. I bygda finst det nemleg ei grotte som er stengd. Det er ulovleg å ta seg inn. Men Onu, Alex og Irmelin bryt seg inn etter at dei høyrer ei historie om grotta. Der finn dei ei fleire hundre år gamal bok som viser seg å vere sjølvaste svarteboka til djevelen. Og snart nærmar natta seg, då djevelen skal fødast på ny.

Spaning frå start til slutt

Eg ville skrive ei bok som ungdomen ville elske. Ei bok som skulle vere spanande frå start til slutt.

Lars Mæhle

Lars Mæhle gjorde ein del research før han byrja å skrive. Han las om norsk folketru og mørke skrifter. I tillegg hadde han ein del religionskunnskap frå studietida.

Svarteboka, djevelen si bok, var bøker som blei skriven i mellomalderen. Grunnen til at mange blir så fascinert av det mørke har Lars ein tanke om.

– Djevelen er den ultimate skurken. Det finst ikkje noko mørkare og skumlare enn han, seier Mæhle til Framtida junior.

Historien om Onu speglar samfunnet vårt

Eg skreiv denne historien då den store flyktningkrisa pågjekk. Det er dessverre mange mørke, destruktive tankar i dei fleste menneska, og dess meir makt ein har, dess lettare kjem det til syne.