Koplar av med lesestund på SFO: – Alt ved å lesa er kjekt

Elevane som går på SFO ved Hundeidvik Privatskule, er ordentleg glad i å lesa. Derfor har dei sendt ei heilt spesiell bokmelding til oss i Framtida Junior.

Bokmelding frå Hundeidvik Privatskule SFO. Foto: Privat

– Alt ved å lesa er kjekt, seier Anh Na Marit Steinslien.

Gunnar Demdal Utgård, Tian Elias Helland Revne, Sverre Leander Tandstad Hermansen, Sofie Sundet Busengdal, Lea Kristin Skogseth Garli, Lydia Vedvik, Joakim Kvalvåg Utgård og Emilie Kvalvåg Utgård nikkar enig.

Når elevane ved Hundeidvik Privatskule sin SFO et ettermiddagsmåltid, les dei også ei bok. Det er blitt ein fin tradisjon etter ein lang skuledag.

– Det er dei vaksne som les til oss. Me pleier å lesa eit eller to kapittel kvar gong, seier Tian Elias.

Mormor er stjerna

Janne Kristin Egseth, som er leiar for SFO, fortel at lesestundene deira er veldig koselege. Av og til hender det at dei må lesa litt meir enn berre to kapittel.

– Av og til må me lesa eit stykkje før det blir spennande og me kjem inn i handlinga. Når me har holdt ut litt, blir det berre betre, seier ho.

I det siste har dei lese klassikaren «Åtte små, to store og ein lastebil» frå Anne Cath. Vestly. Boka handlar om mor, far og dei åtte ungane som bur på eitt rom og kjøkken i den store byen. Ein dag kjem mormor på besøk – og elevane i Hundeidvik Privatskule er klar på at det nettopp er ho som er stjerna i boka.

– Mormor lagar vaflar og så har dei åtte ungane fått seg ein ny hund som heiter Ovnsrøyret, seier Emilie.

Foto: Privat

Bokmeldingar med fine teikningar

Elevane likte boka så godt, at dei valde å skriva ei bokmelding som dei sendte i posten til Framtida Junior. Dei har også teikna det dei hugsar best frå boka.

– Eg teikna hunden som låg under omnen, seier Tian.

– Eg teikna Morten då han åt blåbær, seier Joakim.

– Og eg teikna huset deira, seier Emilie.

Sidan elevane er så glad i å lesa, har me spurt dei om dei har tips til andre som kan synast at det er utfordrande med lesinga. Fleire av dei anbefalar å bli med i ein bokklubb.

– Du kan vera med på forskjellige bokklubbar der du får ei bok i posten kvar månad. Eg er med i Disney-bokklubben. Og så kan du spørra voksne om dei kan lesa for deg, seier Lea.

Teikning i bokmeldinga. Foto: Privat