Framtidajunior Kultur «Overleve: Vulkanen vaknar»: Ein spenningsroman til ettertanke
OMSLAG: Illustrasjon frå omslaget på «Overleve: Vulkanen vaknar» av forfattar Tor Arve Røssland og illustratør Nikolai Lockertsen. Bilete: Samlaget

«Overleve: Vulkanen vaknar»: Ein spenningsroman til ettertanke

Boka «Vulkanen vaknar» er byrijinga på ein ny serie med ei verd øydelagd av klimaendringar som kulisse. Det blir både spennande og tankevekkjande.

FAKTA:
Tittel: Vulkanen vaknar
Forfattar: Tor Arve Røssland
Illustratør: Nikolai Lockertsen
Forlag: Samlaget

Sjanger: Spenningsroman

LES FAKTALUKK FAKTA

Det er ei dystopisk verd me er vitne til i Tor Arve Røsslands nye bok Vulkanen vaknar, som er fyrste bok i den nye spenningsserien Overleve. Klimaendringane har løpt løpsk, og havnivået har stige fleirfaldige meter.

Dei politiske forholda har òg endra seg kraftig. Til dømes så er mesteparten av det amerikanske kontinetet underlagt den autoritære og krigshissande staten Americas.

Dramatisk forskingstokt

Hovudpersonane heiter Jamal og Eira. Båe to er tretten år. Dei er med kvar sin far på tokt med forskingsskipet Bluenose. Oppdraget er å finna ut kor all fisken har forsvunne hen. Men i løpet av Jamal og Eira si tid på sjøen skal dei oppleva ting som er mykje meir dramatiske enn å jakta etter fisk.

Jamal elskar å vera om bord på Bluenose. Eira derimot hatar det. Ho vil berre heim til Bergen, mobilen og vennane sine. Dynamikken mellom dei to hovudepersonane fungerer godt og gjer boka interessant å lesa. Jamal og Eira blir ikkje vennar frå fyrste stund, forholdet mellom dei er prega av friksjon. Men etter kvart som det blir farlegare å vera om bord på Bluenose forstår dei at dei er avhengige av kvarandre.

Illustrasjonar frå «Overleve: Vulkanen vaknar» av Tor Arve Røssland og Nikolai Lockertsen (ill.)

Litt treig handling

Handlinga i boka er for treig. Det går stakkato og spenningstoppane varer aldri særleg lenge. Eg må lesa over halve boka før eg blir ordentleg riven med i kva som skjer. Det hadde nok heller ikkje skada om stemninga var eit hakk meir uhyggeleg og trugande. Til dømes: kunne ikkje forfattaren velja eit meir fryktinngytande namn på den småskumle bikarakteren Kari Volle?

Klimakrisa er tematisert på ein fantastisk måte. I sine skildringar av kva som skjer med naturen smørar nok Røssland temmeleg tjukt på. Det gjer eigentleg ingenting. Forfattaren har gjort grundig research og vore i kontakt med dyktige fagfolk, så me har ikkje grunn til å tru at overdrivingane er gjort utan viten og vilje.

Vulkanen vaknar er heller inga naturvitskapleg bok. Men med klimakrisa som bakteppe utforskar forfattaren kva som skjer med oss menneske og dilemmaa med må møta i ein slik situasjon.

Klimaendringane er meir enn ein gimmick i boka, men er godt vovne inn i plottet. Dermed får lesarane både ei fin lesaroppleving og noko å tenkja på i etterkant.

Frå omslaget på teikneserieantologien Overtrykk frå Überpress.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR