Trump og Kim har laga ein viktig avtale

Donald Trump og Kim Jong-un smilte og lo då dei møtte kvarandre i natt. No har dei skrive under på ein avtale som skal skape meir fred og færre atomvåpen.

Det har aldri vore ein direkte samtale mellom ein sitjande amerikansk president og ein nordkoreansk leiar før.

Ei stor ære

På luksushotellet Capella på den vesle øya Sentosa i Singapore snakka dei to åleine, berre ved hjelp av tolkar.

LES MEIR: Stormøte mellom Tump og Kim Jong-un

LES MEIR: Kim Jong-un har med sin eigen do til møtet med Trump

– Eg har ein veldig god følelse. Vi kjem til å ha kjempegode diskusjonar og kolossal suksess. Dette er ei stor ære for meg, og vi kjem til å ha eit fantastisk forhold, det er eg ikkje i tvil om, sa Trump.

Mange hindringar

– Det var ikkje enkelt å kome hit. Fortida har halde oss tilbake, og gamle fordommar har dekt auge og øyre. Det har vore mange hindringar, men vi har overvunne dei og er her i dag, sa Kim.

No har dei lova at dei skal jobbe saman, og dei har bestemt seg for å legge tidlegare krangling bak seg.

Så får tida vise om Nord-Korea gjer alvor av å øydelegga atomvåpena sine.