Stormøte mellom Tump og Kim Jong-un

I natt skal Trump møte Joung-un i Singapore, for å diskutere atomvåpen.

Det har vore litt fram og tilbake om møtet mellom Donald Trump og Kim Jong-un, men i natt skal dei møtasts. Dette er fyrste gongen i historen at ein amerikansk president skal møte leiaren i Nord-Korea.

USA og Nord-Korea er eigentleg i ein form for krig. Ein krig som har vara i 70 år.

Møtet er viktig. Donald Trump vil prøve å overtale Kim Jong-un til å gi frå seg atomvåpna og avslutte atomprogrammet. Eit anna mål er å avslutte krigen dei har mellom seg.