Trump krangla med paven

Etter at paven kritiserte krigen i Midtausten, har den amerikanske presidenten Donald Trump gått ut mot den katolske leiaren.

Pave Leo XIV oppmoda førre veke verdsleiarar til å leggje ned våpena, og slutte å tilbe sjølvet og pengar, ifølgje NRK.

Dette likte ikkje Trump. Han meiner at paven ikkje ville vore i posisjonen sin utan Trump, og at han bør halde seg utanfor politikk.

Giorgia Meloni, Italias statsminister, har sagt at kritikken frå Trump mot paven er uakseptabel, trass i at dei to statsleiarane tidlegare har hatt eit godt forhold, skriv VG.

Paven seier til Reuters at han kjem til å halde fram med å prate om krigen.